fredag 25. desember 2009

Juletur til Buddamagen





Første juledag var vi oppe kl.10 00 for å gå på fjelltur. Trond, Gudmund, Marius og eg skulle til eit fjell som heiter Buddamagen. Vi kjøyrte scooter i ca. 40 minutter og så tok vi beina fatt. Det var nokså bratt første timen, etterkvart vart det litt flatere, men det var drygt opp til toppen. Vi fekk ein uforgløymelig tur, med eit ver som sikkert er skjelden her på disse breddegrader, sol frå skyfri himmel med nokre minusgrader og omtrent vindstille. På tilbaketuren tok vi turen innom ein fjelltopp som stikk ut av isen og som heiter Stabeisen. Den ligg for seg sjølv ute på isen, så det er vel derfor den heiter Stabeisen.Vi kom heim att ca. kl. 1800, så det vart ein lang tur, men veldig fin.

Julekvelden på Troll





Så kom jula til Troll også, ikkje så mykje julestemning her akkurat, men vi har prøvd å få litt julestemning her også. Britt har pynta og laga julekaker og til lunch fekk vi julegraut med mandel, men ingen fann mandelen, så den vart overflytta til riskremen på førstedag. Britt serverte svineribbe med alt slags tilbehør og det var virkelig godt tilogmed sprø svor. Etter utpakking av gåver, var det kaffi og kaker. Så var det tid for juleqviss, og det var til tider stort engasjement og litt høgrøsta blant deltakerane. Samveret varte til langt ut i dei små timane før alle gjekk til ro. Med andre ord ein fin julekveld.

Pepperkakebaking 22 desember



Tirsdag den 22 etter arbeidstid var det tid for pepperkakebaking. Britt hadde laga gløgg med noke oppi og vi skulle gjette kor mange pepperkaker som låg att om morgenen. Ingen gjetta rett og dermed ingen premie, kva det no enn var??
Det var mange bakera og full innsats av alle, Roger laga borerigg og sekshjulingen sin som han farter rundt i, Marius laga pepperkakekåne og eit stort hjerte for å henge på treet. Ettterpå var det kaffi og prøvesmaking, kjempegode var dommen.

søndag 20. desember 2009

Bading i Stampen


Laurdag 20 des. var det tid for bading i Stampen ut på kvelden i fin midnattsol og varmt og godt i vatnet.
Det kjem nok til å bli meir bading når det blir kaldere ute.

Snøpetrell overvåking



Tore og eg har fått ein ekstra jobb og den går ut på å telle antall snøpetreller og kyllinger i tidsrommet midt av desember 2009 til begynnelsen av mars 2010. Den 15 des. var første telling og vi såg mange fugler både på Nonshøgda og Trollhaugen. Dette er ein veldig fin jobb, med mykje frisk luft og fin mosjon og så får vi betalt for det i tilegg. Snøpetrellen er veldig tillitsfull slik at vi kan kome heilt inntil dei når dei ligg på reira uten at dei flyg vekk. Dessutan er den ein flott fugl å sjå på, kvit og fin med eit svart nebb som er litt krumma heilt framme. Når dei ligg på reira og dei synest vi kjem for nær gir dei frå seg eit veldig skarpt varselskrik som kan skreme dei fleste. Ellers likner lyden frå dei på rypesteggen.

søndag 6. desember 2009

Fem toppers tur




I dag på søndag var Oddmund, Marius og eg på fem toppers turen. Det er Trollhaugen, Grjotlifjellet, Klovningen, Nonshøgda og Sofietoppen. Vi starta i tolv tida og var heime ca. halv sju. Ein fin tur, men det begynte å blåse eindel på slutten av turen.Turen skal utførast uten hjelp frå andre og vi må ha med oss det som vi treng, slik som klede, mat og drikke.
Då vi kom tilbake til Troll sto Britt og ønska oss velkomen tilbake og ho hadde ferdig middag og kaffi og kaker til alle sammen, snakk om service!!

lørdag 5. desember 2009

Det gamle overvintringsteam reiser heim 02.12.09



Den andre desember reiste dei gamle overvintrerane heim att minus kokken Britt som skal vere her til ca.25 februar då sommersesongen er over. Vi kjøyrde dei på flyplassen i Trollbussen og tok avskjed med dei der.

søndag 29. november 2009

Første tida på Troll






No har eg vore her ei tid og gått igjennom rutiner og alt som er av utstyr sammen med Jan som har vore her vel eit år. Jan og dei andre som han har overvintra sammen med skal snart reise, og på laurdag den 28.09 var det avskjedsmiddag for dei. Stasjonen vart så offisielt overført til det nye teamet med protokollføring og nøkkel overrekking. Jan og Gudmund fylte også år i veka som gjekk og Britt og Einar hadde baka kake slik at det også vart markert. Etter middag og kaffi og kake vart det tur i stampen i fin sol og nokre minusgrader.

mandag 23. november 2009

Turen frå Norge til Trollstasjonen i Antarktis





No er eg endeleg komen fram til Trollstasjonen i Antarktis etter ei lang reise og plassen som blir heimen min det neste året. Det følest litt uvirkeleg og opplevast som eit eventyr. Eg må seie at eg føler meg heldig som fer oppleve dette. Turen starta frå flyplassen på Vigra og gjekk til Gardermoen, vidare til Frankfurt og derifrå til Cape Town. Der var vi ein og ein halv dag før vi flaug vidare til ein russisk stasjon i nord antarktis som heiter Novozalarovskaya. Vi tok eit russisk fly av typen Ilyushin 76 som er eit kombinert transportfly og passasjerfly. Vi var tre timer på den russiske basen før vi reiste vidare med eit Twin Otter fly til Troll stasjonen.På flyplassen ved Troll vart vi møtt av det gammle overvintringsteamet og ønska velkommen til Troll.Vi vart godt mottekne på Troll , og på kvelden var det fest middag med godt drikke til.
Ellers er her to dyktige kokker som lager veldig god mat til alle sammen. Dei har mykje å gjere for om sommeren er her mykje folk og 12 timers dag med fri kun ein dag på 14 dager. Det er mykje å setje seg inn i, men det går vel berre eg fer litt tid på meg.
Bilda viser: 1 turen til Cape Town,2 Ilyushin 76 på NOVO, 3 stabben som er eit fjell ved flyplassen ved Troll, 4 Eg og Twin Otteren på flyplassen ved Troll. (endeleg framkomen)

tirsdag 6. oktober 2009

Feltkurs i Tromsø og på Svalbard


21 til 29 sept. var det feltkurs på Svalbard, og alle som skulle overvintre møttes for første gang. Det vart mykje ny informasjon på kort tid, men eg trur vi fekk med oss det meste. Det vart også instruksjon med vekt på faren ved bresprekker og ferdsel på breer generelt. Bra opplegg og eit godt kurs. Ellers var det kjekt å møte dei andre som eg skal vere saman med vel eit år i Antarktis, det virka som vi passa ganske godt saman.
Bildet av overvintringsteamet viser frå venstre : Einar,kokk, Oddmund,driftstekniker, Frode, mekaniker, Tore,forskningsteknikker, Marius,lege, Ivar,elektriker.

lørdag 12. september 2009


I veke 37 var Bertrand, Svein,Rune og eg på Lillehammer vedr. kurs på Prinoth trakkemaskin (Owren ) og senare i veka var vi i Gjøvik på kurs vedr. Øveråsen snøfres UTV 430.
Bilde fra Gjøvik med Instruktør Roar Slottnes, Svein, Bertrand og Rune.