mandag 6. desember 2010

Cape Town




Etter ei lang reise fra Troll kom vi endelig til Cape Town. Det vart ein stor overgang frå minusgrader til plussgrader. Det var rart å få gå på gras, snuse inn lukter som vi ikkje har kjent på lenge, kjenne og lukte på tre, palmer osv. Så no skal vi kose oss her med diverse utflukter og varme kroppane våre før vi reiser heim att.
Dette blir siste innlegget mitt på denne bloggen, så eg vil takke alle som har følgt meg på denne reisa frå Norge og opphaldet mitt i Antarktis.

søndag 28. november 2010

Siste tida på Troll




Den 7 november kom sommerteamet frå NP til Troll og med dei så vart tilverelsen til oss seks overvintrerane snudd opp ned. No er det slutt på vanlige arbeidsdagar og fri kvar helg, no er det tolv timers dager og kun fri annan kvar søndag. Nokre dager etter at sommerteamet annkom, kom forskerane som skal fortsette Fimbulprosjektet som vart starta forrige år. Vi fekk eindel arbeid med å hjelpe dei slik at dei kom seg avgårde så fort som mulig, og den 21 reiste dei med to TL6 og fire scootere og mykje teknisk utstyr for div målinger av isens bevegelser og tjukkelse.Dei kan følgast på linken "ICE FIMBUL ICE SHELF" og på dagboka deira. Den 20 kom det nye overvintringsteamet som er våre avløysara, og etter at dei hadde fått våre gamle rom og inntallert seg har vi holdt på med overlapping. Vi har teke dei med på tur og vist dei forskjellige turmuligheiter i området, og det ser ut som dei fleste er glade i å gå på tur så dei vil nok få mange fine opplevelser i tida som kjem. For oss som no skal snart reise herifrå gjenstår det no kun ei veke igjen. Då blir første stopp Cape Town før kursen blir sett heimover etter nokre dagar der. Det blir nok vemodig å reise herifrå etter vel eit år med mange gode minner og ikkje minst har vi seks hatt eit veldig godt kameratskap som har blitt bedre ettersom tida har gått.

lørdag 6. november 2010

Første fly og folk




I dag ettermiddag fekk vi dei første besøkende på over åtte månader. Det var flymannskap som skal flyge her i Antarktis no i sommer. Dei måtte lande på Troll fordi veret på Novo var for dårlig. Dei kjem heilt ifrå Canada, så dei har hatt ein lang tur. Einar, Ivar og eg tok imot dei på flyplassen og køyrde dei inn til stasjonen der dei fekk ein plass å bu for natta og etterpå vart det middag og kaffi med tilbehør. Vi hadde ein svært trivelig kveld i lag med dei.

tirsdag 2. november 2010

Brøyting av flyplassen




No er flyplassen rydda for snø, så no kan vi ta imot fly kva tid som helst. Flyplassen er 3 km lang og sjølve landingsbredda er 60 meter pluss 30 meter på kvar side, så det blir eit stort område som må ryddast. Og så er det slik her i Antarktis at det er ingenting av snøen som smelter slik som i Norge, så vi må sku snøen vekk på sidene for at det ikkje skal bli for høge kanter på sidene. Vi har vore uheldig med dårlig ver slik at flyplassen har foke igjen tre gonger, så no håper vi på fint ver. Det vart iallefall mykje ekstra arbeid. Men alle sammen har stått på og fått jobben gjort. Vi måtte vere ferdig først til 2 nov. men det vart endra til 4 nov. Då kjem første flyet eit Ilushin IL 76 til Antarktis for denne sesongen. Det har destinasjon Novo, men flyplassen her på Troll må kunne ta imot flyet som kjem om veret eller andre hendelser gjer at det ikkje kan lande på Novo.
Søndag 7 nov. kjem personell frå NP hit til Troll, så det blir årets happening. Skal bli godt å få treffe andre folk igjen og så kjem dei med frisk frukt og grønnsaker, nam nam!!

lørdag 30. oktober 2010

Einar 50 år



Fredag vart Einar kokk 50 år og det måtte sjølvsagt feirast. Einar fekk fri frå kjøkkenet og Marius var kokk den dagen. Han laga fin lunch og middag og han baka kake som vi skulle ha seinare på kvelden. Før kaffien var det gåveoverlevering og Einar fekk litt av kvart både av vått og tørt og ikkje minst ny kokkedrakt, han fekk og ei stor sko skei som han skulle bruke når han vart 80. ( fritt etter Oddmund :-) ) Einar ville ikkje ha noka storstilt feiring og etter kaffi og kake reiste han vekk for helga. Vi andre fortsatte feiringa ute i stampen til langt på kveld.

lørdag 16. oktober 2010

Sykkel og fot tur til Grotfjellet




I dag har Einar og eg vore på ein kombinert sykkel og fot tur til Grotfjellet. Vi sykla inn til Grotøyra og gjekk derifrå og opp på toppen. Det bles friskt då vi sykla innover, men då vi kom opp på toppen var det nesten vindstille. Einar hadde med seg ei turkasse som han skulle sette opp og eg var med som hjelpesmann. Vi fekk sett opp turkassa og laga ein skikkelig varde for å sikre kassa mot vinden, skreiv oss inn i loggboka tok oss litt varmt å drikke. Vi fann også levende organismer på nokre steiner på toppen (sjå bilde) og så må det nevnast at antarktispetrellen er komen tilbake på besøk til oss, så no er det ikkje berre vi seks som er her. No ventar vi på at snøpetrellen og skuaen skal kome tilbake og det skal bli fint. Då vi skulle gå ned att begynnte det imidlertid både å blåse og snø, men tempen var ikkje så verst så det gjekk greit. Då vi kom ned på isen igjen var fjellet innehylla i snødrev/skodde.

lørdag 9. oktober 2010

Tur med spark til Stabeisen



I dag laurdag vart det sparktur til Stabeisen. Har tenkt å ta turen lenge, men venta på rette veret for å få ein fin tur. Så i dag var det rette forholda for ein tur med spark, lettskya og sol, vindstille og kaldt. Turen gjekk over all forventning, litt vanskelig eitt stykke før eg kom fram med veldig dårlig isoverflate. Så var det berre å klyve opp til varden og ta seg ein toddy før turen gjekk heimover igjen.

lørdag 2. oktober 2010

Sparktur




I dag har eg vore på sparktur til flystripa og området rundt. Noke kaldt og ein liten trekk frå sør, men sol frå nesten skyfri himmel. Så i kveld før middag blir det restitusjon i stampen.
Forrige helg vart det tur inn i Vassdalen, heilt fremst fram i dalen og flott utsikt utover dalen og iskappa lenger ute.
Ellers har vi bygd trapp til nedbørsmålinga som vi utfører for meterologisk institutt, men som skjelden kjem nedbør i. Den blei høgtideleg åpna med snorklipping og sprudlevatn. Vi kan ikkje vere dårlegare her enn når dei døyper båter etc. heime i Norge. Det vart desverre ikkje gullhalsband eller andre gåver på oss, men vi tek det til etteretning.

lørdag 18. september 2010

Frukt


No begynner vi å lengte etter frukt her på stasjonen, vi har ikkje smakt frukt sidan mai månad, så det hadde virkelig smakt med norske gravenstein eple no. Vil oppfordre alle som har planer om ein litt lengre ferietur f.eks til sør amerika eller sør afrika å få flykapteinen til å legge ruta om Antarktis og så kan de sleppe ei stor kasse med frukt og grønnsaker ned til oss i fallskjerm. På forhånd takk!!

lørdag 11. september 2010

sykkeltur til Klovningen



I dag vart det sykkeltur til Klovningen, gjekk siste stykket opp på toppen. Ein fin laurdagstur, men det vart ein sur vind før eg nådde toppen og med eindel minusgrader i tillegg vart det kjølig for nasetippen. Sette meg i ly for vinden for å ta ein solbærtoddy, men den vart kald før eg fekk hive den i meg. Ei fin utsikt på toppen iallefall. Tilbake til stasjonen i sterk motvind, men det gjekk unna for eg visste at Marius skulle servere rakefisk og etterpå potetball som han he laga etter ei oppskrift han fekk med meg. Vi he det fint her altso :-) I kveld blir det kanskje eit bad i stampen i pluss 38' og 38 minus i lufta, "det e sånn som ungdomen lika"

mandag 30. august 2010

Tor-tur





Så vart det endelig tur til Tor. Det vart ein kombinasjon av test av ombygd TL6 og helgekosetur.
Har bygd om drivlinja samt forterka innfestinga til mellomgearkassa på to TL6 så det passa fint med ein lang tur for å sjå kor det fungerte.Tor er ein ubemanna stasjon for fugleobservasjoner som ligg ca. 100 km frå Troll i eit område som heiter Svarthammeren. Vi (Marius,Ivar Nils og eg) starta på fredag i tolvtida og var framme i kveldinga etter ein lang og humpete tur, spesielt dei to siste mila inn til Tor var eit mareritt å køyre. Det var bikkjekaldt då vi kom fram så vi fekk ikkje fyr på propanovnen for propanen var frosen. Det låg eit termometer ute og det stoppa på førti grader og kvikksølvet gjekk forbi det merket og stod nede i kula. Vi fekk no fyr i parafinovnen og så hadde vi med eit aggregat og ein vifteovn så det vart både straum og varme til slutt, så etter nokre timer kunne vi kle av oss ytterkleda. Marius diska opp med sjølvlaga kjøttkaker og til forret var det rakørret. ( det var berre so gødt at det!!) På laurdag var det strålande sol og vindstille, så då vart det ein fjelltur og etterpå rundtur i området. Det er ein spesiell plass å besøke med ein fin raudfarge på fjella og mange rare fjellformasjoner. Søndag skulle vi heim att og då bles det ein kald vind frå sør, men vi hadde no "Jack å gå inn i so det var berre lekkert. Heimturen gjekk strykande etter at eg hadde fått ordna med ein feil ved termostaten samt magnetventilen for oljekjøleren til gearet. Håper at det kan lage seg ein tur seinare når fuglane er komne attende.

søndag 15. august 2010

Oppsett av turkasser




No når det har blitt litt lysere og lengre dager, går det an å gå seg lengre turar. Einar har laga såkalla turkasser til eindel fjelltopper rundt omkring, for å legge boka som er på dei forskjellige toppane i. Så no har vi starta med å sette opp desse kassene. Her er nokre bilder frå turen til Trollveikja, som gjekk i liten kuling og snøfokk, men opp kom vi til slutt. Det er ganske fin utsikt når ein kjem opp på toppen og fer sjå utover isvidda.

lørdag 31. juli 2010

Sola er tilbake




Ja no laurdag kom sola tilbake til oss sørboera. Kl.12.20 såg vi den kome sigende over horisonten. Einar og eg var på sykkeltur til flyplassen og då vi var på veg inn att til stasjonen såg vi sola streve seg over kanten. Kjempefint og eit flott lys. Så på søndag blir det solfest med skikkelig feiring. Ellers så hadde Einar og eg ein super tur utover isen på sykkel, absolutt å anbefale og ikkje minst fin trim.

mandag 19. juli 2010

Leserbrev frå Troll i juli



Har vore litt slapp å skrive ei stund no, men her kjem eit lite leserbrev frå meg. Denne månaden er det ikkje så mykje som har hendt, men litt har no skjedd. Vi har hatt det nokså kaldt ei stund og det gjekk ikkje likare enn at vatnet vårt fraus, og det skulle ikkje skje no, for i sommer så vart vassledninga skifta så no skulle alt vere i orden til vinteren. Den gong ei. Vi fekk no tina det til slutt så det gjekk greit det. Vi har også gjort reint smeltekaret, for det var så mykje rusk og rask i vatnet pluss at det vart ein rar smak på vatnet. Vi har hatt ein del dårlig ver i det siste med mykje vind og fokk, så det har ikkje vore så kjekt å vere ute, men vi har det fint inne og. No ser vi fram til at sola skal kome tilbake om ei fjorten dagers tid, kanskje vi får bedre ver også. Denne helga her vi laga film som skal vere med i ei slags konkuranse saman med eindel andre stasjoner her i Antarktis. Får kome tilbake med plasseringa seinare.

mandag 28. juni 2010

Midtvinter fest




Ja, no har sola snudd og vi går mot lysere dager. Mandag 21 hadde vi fri for å feire midtvinter. På formiddag var Einar,Oddmund og eg ein tur opp på Trollhaugen og sette opp ei ny "postkasse" til turboka. Det var fint ver og vel 30 grader.(minus!) På ettermiddagen var det bading i stampen og så var det klart for smalahove med alt tilbehør. Det smaka berre heilt himmelsk. Etter det var vi utslegne heile gjengen ei god stund. Vi hadde ein alle tiders midtvinterfest, det er alle einige om.

søndag 20. juni 2010

Bilder i mørketid




Det er no snart på det mørkaste, men det er eit fantastisk lys på himmelen i nord midt på dagen.Lyset gjennspeiler seg i fjella i sør slik at det lyser opp fjella, kjempefint.
Har brukt all fritid til å vere ute på turer og då har fotoapparatet vore med. Sjølv om det er kaldt går det greit for kameraet, berre det ikkje er ute i kulden for lenge. Om eit par dager er det midtvinter og det skal feirast. Kjem tilbake med rapport seinare.

søndag 6. juni 2010

Sykkeltur i mørketid




No laurdag var Einar og eg på nok ein fin sykkeltur for å ta bilde og for å få oss ein trimtur. Vi sykla opp på isen og tok ein del bilde. Det var eit flott lys i nord sjølv om det er mørkt. Vi for heilt ut til flystripa og tok fleire bilder og sette oss ned for å få oss litt varm drikke. Då vi skulle heim att, så hadde sjølvsagt eg punktert på bakhjulet. Uten lappesaker var det lite eg kunne gjere, så det vart ein lang tur tilbake.

Kaffibesøk


Av og til får eg besøk på verkstedet, og då krev dei som dukkar opp både kaffi og anna. Her set oss og prater og drikk kaffi og et eplekake som Einar hadde med seg. For øvrig veldig smakfull og god, laga på nokre av dei siste epla våre.

tirsdag 18. mai 2010

17.mai feiring




Så kom 17.mai til Troll og vi her inn i dei tusen heimar gjennom nrk. Det var no fint å vere rikskjendisar for ein dag. Vi hadde ein super dag med god mat, tale for dagen stod Einar for (på fjernsyn) og god mat med godt drikke til. Flaggheising klokka 10 00 med Oddmund "storblåser" på euphonium mens vi andre song Ja vi elsker.
Alt i alt ein super dag.