lørdag 24. april 2010

Testkøyring av Øveråsen snøfres




Så var tida komen for å teste ut den nye snøfresen som kom i sommer. Etter at eg hadde fått montert styrings systemet i lasteren og div utstyr på fresen gjekk turen ut til flystripa for prøvekøyring. Som de kan sjå av bilda er det ikkje berre dei som brøyter vegen opp til Dalsnibba i Geiranger som har skikkeleg utstyr vi har minst like bra saker. Fresen gjekk gjennom over ein og ein halv meter med steinhard snø uten store problem, heilt rått som dei seier.

Sykkeltur til flyplassen




Etter å ha prøvd å fikse bremsene på den eine sykkelen måtte den prøvast. Og dermed gjekk turen ut til flyplassen. Bremsene virka ut døra, då var dei nesten like dårlige som før, fann ut at det måtte vere kulden som gjorde bremseklossane steinharde, dermed nesten bremselaus. Gav blaffen og trødde i vei ut til flyplassen i strålande sol og medvind. Det gjekk tråare inn att til stasjonen , motvind og bitande kaldt. Men alt i alt ein fin søndagstur.

tirsdag 6. april 2010

Oddmund 50 år 03.04




Laurdag den 3 april vart Oddmund vaksen kar d.v.s. 50 år ung.Etter gåve overekking og utpakking var det tid for middag, laga og servert av Einar.Vi fekk servert ein forrett( cryfish ) middag ( dåhjort ) og dessert og utpå kvelden kaffi og kake med godt tilbehør. Det vart også tid til dartspeling og etterpå gjekk drøsen ut i dei små timar. Jubilanten var godt fornøgd med dagen i følge han sjøl. Og det var vi andre også.