tirsdag 18. mai 2010

17.mai feiring




Så kom 17.mai til Troll og vi her inn i dei tusen heimar gjennom nrk. Det var no fint å vere rikskjendisar for ein dag. Vi hadde ein super dag med god mat, tale for dagen stod Einar for (på fjernsyn) og god mat med godt drikke til. Flaggheising klokka 10 00 med Oddmund "storblåser" på euphonium mens vi andre song Ja vi elsker.
Alt i alt ein super dag.

Ein ny kokk på Troll ?




Den veka vi har vakt må den som har vakt lage middag på laurdag og søndag, og nett her ein dag måtte Ivar Nils i elden. Alle ga seg ende over og beundra verket. Indrefilet og kjøttkake med godt tilbehør. Ivar Nils innrømme no at han tenkjer på å starte kinarestaurant på Vinstra når han kjem heim??!!

Redningsøvelse



For å teste beredskapen og for å prøve kor det er å bere ein skadd person ned frå eit fjell eller oppe i ei steinur, hadde vi ein redningsøvelse for ei stund sidan.Den uheldige/heldige som var "skada" var Oddmund med lårhalsbrudd (grunna alder?) Øvinga gjekk heilt etter planen og Oddmund vart boren heilt ned på stasjonen.(uten å dette ut av båra) Vi lærte mange nyttige ting som er gode å ta med seg vidare.