torsdag 25. mars 2010

Marius kokk




Ja no har vi igjen fått to kokker på Troll, Marius har teke på seg vervet som co kokk eit par dagar i veka. Dette for at Einar kokk skal få gjere andre ting ute. Vi reknar med at Marius skal i lønnsforhandlinger snart :-)
Marius har imponert oss alle frå første stund. Han laga kabaret og har baka både eplekake og ostekake som vi fekk servert til kveldskaffien. Ellers så vart det lammesteik ein dag og lutefisk ein annan dag, og alt smaka heilt himmelsk. Vi gler oss til fortsettelsen. Takk fyrir godur mig Marius. (det betyr "takk for god mat Marius")

søndag 21. mars 2010

Ein "dritjobb"




Etter ein del utsettelser var Oddmund og eg klar til å gå laus i renseanlegget for å skifte ein sil og ein kost i ein tank. Det er ikkje akkurat draumejobben eller for å seie det på ein annan måte, det er ein skikkeleg mannskit jobb, men det må gjerast. Vi hadde ut tanken i februar, men då viste det seg at silen var opptært og måtte skiftast. Vi fekk ein ny sil med siste flyet slik at vi kunne få skifte den.Vi heldt på heile dagen og var ferdig til middag, men vi måtte skrubbe og vaske oss grundig før vi fekk kome inn til dei andre. (Oddmund tok seg ein tur i badstua i tillegg for å løyse opp lukt og skit :-) ?? )
Så no er det berre å skite så mykje vi vil.