mandag 18. januar 2010

Flyaktivitet på Troll Airport jan.9 0g 15-2010





Den 9 januar var det stor flyaktivitet på Troll Airport med landing av eitt Ilushin IL76, to Bassler DC3 og eitt helikopter. Nesten heile stasjonen var innvollvert i landingane. Vi hadde full beredskap med sanitet, brann/røykdykkar,(der eg var ein av det teamet) matservering, losseteam og Trollbussen stod klar til å frakte dei passasjerane som skulle inn inn til Troll stasjonen. Dei passasjerane som ikkje skulle til Troll, reiste vidare med Bassler og helikopter til andre stasjoner i området.Vi i brannteamet var også ansvarleg for å fylle drivstoff på Ilushin, det tok nesten 23000 liter fuel.
Den 15 januar kom Ilushin på besøk igjen og vi hadde same beredskap som første gong og vi måtte og denne gong fylle drivstoff (same kvantum som første gongen)Denne gongen fekk vi besøk av bla. anna ein i frå miljøverndepartementet og nokre av dei høge herrer frå polarinnstituttet i Tromsø som kom på ein snarvisitt. Dei reiste ut att den 18 saman med forskerane som hadde vore på ekspedisjon til Fimbulisen.

lørdag 9. januar 2010

Tur til Volkonskoga Gora 07.01.2010





Dagen etter at vi kom heim att fra shelfen var fridag for oss som hadde vore borte. Trond, Marius og eg bestemte at då skulle vi gå på fjelltur til Volkongskoga Gora. Ein tur på ca. to timer opp til toppen og minst like langt tilbake for det er ganske bratt og mykje stein og grus. Vi fekk ein flott tur, veret var på vår side og vi fekk ei fantastisk utsikt.
Då vi kom ned gjekk vi ned i noke som heiter Klonvning gryta, det er ei hole eller kanskje det er blitt slik det er grunna vind og snø som har lagt seg på ein forunderleg måte rundt foten av ein steil fjellvegg. Der var mange kadaver av snøpetrell og sørjoen for fram og tilbake på nye bytte.
Klovning gryta er ein plass alt som ikkje er sikre på Troll reiser når det er uver.Då må vi avstad og hente det opp igjen, det har ikkje skjedd enno, men det blir nok. Eg ser for meg at det blir litt av ein jobb.

Tur til shelfen






Rett etter at vi hadde feira jul måtte vi reise til shelfen for å ta i mot båten som kjem med forsyninger og utstyr for det neste året. Det tok tre dager før vi kom fram og då var det berre å begynne å få varene av båten og opp på isen eit stykke frå iskanten. Vi var uheldige med veret då vi skulle reise tilbake og vi fekk sterk vind og snøføyke så vi såg ingenting. Vi køyrde på GPS så det gjekk greit. Vi reiste tilbake sammen ein gjeng norske forskera som hadde vore nede på Fimbulisen for å ta isprøver. Dei hadde bora seg gjennom isen heilt ned til sjøvatnet, 472 meter ned, ganske imponerende.Fimbulisen liknar ei elv som renn gjennom ein dal ned frå sydpolplatået og som flyttar seg fleire km på eitt år....
Vi hadde besøk av Adeliepingviner på losseplassen, dei er ganske så nysjerrige og vi kom nesten heilt inn på enkelte. Dei er veldig fine og heilt glatte i pelsen, nesten glinsande.
Ute på sjøisen ligg det wedellsel og keiserpingviner og koser seg, dei leer ikkje på eit auge for dei har ingen naturlege fiender.
Ellers var det mange store isfjell i nærheita av der vi var, eit såg ut som ein svær katedral eller kanskje det likna på ei gedigen hole.