No er det kun oss seks overvintrerane som er igjen på Troll og det er vel 8 månader til her kjem fly og folk igjen. Alle har sett fram til denne dagen, for no fer vi vanlege arbeidsdager og fri i helgane så sant ein av oss ikkje har stasjonsvakt.
Etter at sommerteamet hadde reist og vi kom inn att frå flyplassen, blei det ei hyggeleg tilstelling og litt feiring. Det vart song og musikk og stor stemning i stova til langt på natt. Søndag har vi fri og då blir det avslappingsdag for alle saman, før kvardagen begynner på mandag.