søndag 28. februar 2010

Sommerteamet reiser




Så var tida komen då sommerteamet skulle reise heim att, kvelden den 27 feb. kom flyet og henta dei og vi seks som skal overvintre her blei aleine. Alle vart frakta med Trollbussen til flystripa og vi tok adjø med alle saman. Dei skulle reise med Bassler til Novo og vidare til Cape Town. Det er ei lang reise dit så dei er ikkje framme før morgonen den 28. Fer håpe dei fekk ein fin tur, kanskje dei fekk sove, dei fekk iallefall sovetabeletter med seg frå Marius, utgått på dato, pytt pytt. God tur heim att og så ser vi nokre av dåkke til neste sesong kanskje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar