mandag 23. november 2009

Turen frå Norge til Trollstasjonen i Antarktis





No er eg endeleg komen fram til Trollstasjonen i Antarktis etter ei lang reise og plassen som blir heimen min det neste året. Det følest litt uvirkeleg og opplevast som eit eventyr. Eg må seie at eg føler meg heldig som fer oppleve dette. Turen starta frå flyplassen på Vigra og gjekk til Gardermoen, vidare til Frankfurt og derifrå til Cape Town. Der var vi ein og ein halv dag før vi flaug vidare til ein russisk stasjon i nord antarktis som heiter Novozalarovskaya. Vi tok eit russisk fly av typen Ilyushin 76 som er eit kombinert transportfly og passasjerfly. Vi var tre timer på den russiske basen før vi reiste vidare med eit Twin Otter fly til Troll stasjonen.På flyplassen ved Troll vart vi møtt av det gammle overvintringsteamet og ønska velkommen til Troll.Vi vart godt mottekne på Troll , og på kvelden var det fest middag med godt drikke til.
Ellers er her to dyktige kokker som lager veldig god mat til alle sammen. Dei har mykje å gjere for om sommeren er her mykje folk og 12 timers dag med fri kun ein dag på 14 dager. Det er mykje å setje seg inn i, men det går vel berre eg fer litt tid på meg.
Bilda viser: 1 turen til Cape Town,2 Ilyushin 76 på NOVO, 3 stabben som er eit fjell ved flyplassen ved Troll, 4 Eg og Twin Otteren på flyplassen ved Troll. (endeleg framkomen)

1 kommentar:

  1. Eg vart tipsa av Sonja om denne sida, så då måtte eg inn og kike!
    Gratulerer som en av dei utvalde!
    Det ser både kjekt og spennande ut der nede, så eg kjem nok til å kike innpå fleire gonger!
    BjørnR

    SvarSlett