søndag 28. februar 2010
Åleine i isødet
No er det kun oss seks overvintrerane som er igjen på Troll og det er vel 8 månader til her kjem fly og folk igjen. Alle har sett fram til denne dagen, for no fer vi vanlege arbeidsdager og fri i helgane så sant ein av oss ikkje har stasjonsvakt.
Etter at sommerteamet hadde reist og vi kom inn att frå flyplassen, blei det ei hyggeleg tilstelling og litt feiring. Det vart song og musikk og stor stemning i stova til langt på natt. Søndag har vi fri og då blir det avslappingsdag for alle saman, før kvardagen begynner på mandag.
Sommerteamet reiser
Så var tida komen då sommerteamet skulle reise heim att, kvelden den 27 feb. kom flyet og henta dei og vi seks som skal overvintre her blei aleine. Alle vart frakta med Trollbussen til flystripa og vi tok adjø med alle saman. Dei skulle reise med Bassler til Novo og vidare til Cape Town. Det er ei lang reise dit så dei er ikkje framme før morgonen den 28. Fer håpe dei fekk ein fin tur, kanskje dei fekk sove, dei fekk iallefall sovetabeletter med seg frå Marius, utgått på dato, pytt pytt. God tur heim att og så ser vi nokre av dåkke til neste sesong kanskje.
mandag 22. februar 2010
Britt reiser frå Troll 21.02. 2010
Søndag den 21. feb. var dagen komen då Britt skulle reise frå Troll. Eg trur ho både gleda seg og grua seg for å reise herifrå, men ingenting varer evig veit du.
Ho reiste ut med karane frå Ksat og LNS gutane og vi var og tok farvel med alle saman.
Det var litt spesielt at Britt reiste, då ho hadde vore her i 15 mnd. i strekk. Ho var overvintrer frå nov.2008 og tok like godt ein sommersesong i tillegg, sprekt gjort. Ei kjempetriveleg dame og ein glimrande kokk og humørspreder. Vi kjem til å sakne ho, garantert!!
Go ferie Britt og vel heim att.
Abonner på:
Innlegg (Atom)