mandag 28. juni 2010

Midtvinter fest




Ja, no har sola snudd og vi går mot lysere dager. Mandag 21 hadde vi fri for å feire midtvinter. På formiddag var Einar,Oddmund og eg ein tur opp på Trollhaugen og sette opp ei ny "postkasse" til turboka. Det var fint ver og vel 30 grader.(minus!) På ettermiddagen var det bading i stampen og så var det klart for smalahove med alt tilbehør. Det smaka berre heilt himmelsk. Etter det var vi utslegne heile gjengen ei god stund. Vi hadde ein alle tiders midtvinterfest, det er alle einige om.

1 kommentar:

  1. Ja, der nede går det mot sommer, mens det her heime no går mot vinter.
    Jaja, slik er det no her på jorda.
    Gratulerer så mykje med vel overstått fødselsdag.
    Kos dokke alle saman, og lev vel til vi "snakkast" neste gong.

    SvarSlett