lørdag 16. oktober 2010

Sykkel og fot tur til Grotfjellet




I dag har Einar og eg vore på ein kombinert sykkel og fot tur til Grotfjellet. Vi sykla inn til Grotøyra og gjekk derifrå og opp på toppen. Det bles friskt då vi sykla innover, men då vi kom opp på toppen var det nesten vindstille. Einar hadde med seg ei turkasse som han skulle sette opp og eg var med som hjelpesmann. Vi fekk sett opp turkassa og laga ein skikkelig varde for å sikre kassa mot vinden, skreiv oss inn i loggboka tok oss litt varmt å drikke. Vi fann også levende organismer på nokre steiner på toppen (sjå bilde) og så må det nevnast at antarktispetrellen er komen tilbake på besøk til oss, så no er det ikkje berre vi seks som er her. No ventar vi på at snøpetrellen og skuaen skal kome tilbake og det skal bli fint. Då vi skulle gå ned att begynnte det imidlertid både å blåse og snø, men tempen var ikkje så verst så det gjekk greit. Då vi kom ned på isen igjen var fjellet innehylla i snødrev/skodde.

1 kommentar:

  1. Heisann, det ser jammen ut som om de kosar dåkke i kulden! Petrellen er komen tilbake, - det er vel reine sommerteiknet det kanskje? Ha det fint, Grete

    SvarSlett