søndag 28. november 2010

Siste tida på Troll




Den 7 november kom sommerteamet frå NP til Troll og med dei så vart tilverelsen til oss seks overvintrerane snudd opp ned. No er det slutt på vanlige arbeidsdagar og fri kvar helg, no er det tolv timers dager og kun fri annan kvar søndag. Nokre dager etter at sommerteamet annkom, kom forskerane som skal fortsette Fimbulprosjektet som vart starta forrige år. Vi fekk eindel arbeid med å hjelpe dei slik at dei kom seg avgårde så fort som mulig, og den 21 reiste dei med to TL6 og fire scootere og mykje teknisk utstyr for div målinger av isens bevegelser og tjukkelse.Dei kan følgast på linken "ICE FIMBUL ICE SHELF" og på dagboka deira. Den 20 kom det nye overvintringsteamet som er våre avløysara, og etter at dei hadde fått våre gamle rom og inntallert seg har vi holdt på med overlapping. Vi har teke dei med på tur og vist dei forskjellige turmuligheiter i området, og det ser ut som dei fleste er glade i å gå på tur så dei vil nok få mange fine opplevelser i tida som kjem. For oss som no skal snart reise herifrå gjenstår det no kun ei veke igjen. Då blir første stopp Cape Town før kursen blir sett heimover etter nokre dagar der. Det blir nok vemodig å reise herifrå etter vel eit år med mange gode minner og ikkje minst har vi seks hatt eit veldig godt kameratskap som har blitt bedre ettersom tida har gått.

1 kommentar:

  1. Hei Frode.

    Eg kan tenkje meg at vedmodet sig på, når de 6 "veteranane" no skal reise heim, kvar til sitt, og at den fellesskapen de har hatt i ca 1 år, no vil ta slutt.

    Likevel reknar eg med at dokke også ser fram til å kome heim no, etter det lange fråveret.

    Eg reknar med at nye vennskap er oppretta, og at de truleg vil syte for å treffast ved passande høve, også etter heimkoma.

    På vegne av slektningane dine, vil eg få ynskje deg ei fin heimreise, og velkomen attende til Sunnmøre.

    SvarSlett