søndag 20. desember 2009

Snøpetrell overvåking



Tore og eg har fått ein ekstra jobb og den går ut på å telle antall snøpetreller og kyllinger i tidsrommet midt av desember 2009 til begynnelsen av mars 2010. Den 15 des. var første telling og vi såg mange fugler både på Nonshøgda og Trollhaugen. Dette er ein veldig fin jobb, med mykje frisk luft og fin mosjon og så får vi betalt for det i tilegg. Snøpetrellen er veldig tillitsfull slik at vi kan kome heilt inntil dei når dei ligg på reira uten at dei flyg vekk. Dessutan er den ein flott fugl å sjå på, kvit og fin med eit svart nebb som er litt krumma heilt framme. Når dei ligg på reira og dei synest vi kjem for nær gir dei frå seg eit veldig skarpt varselskrik som kan skreme dei fleste. Ellers likner lyden frå dei på rypesteggen.

1 kommentar:

  1. Eposten du sende til NRK Møre og Romsdal, Naturtelefonen, kom "på lufta" fredag 18.12.2009.
    Eg tok opp innslaget, og sende det til deg i ein epost, slik at dokke kan høyre det (om dokke ikkje for lengst har høyrt det).

    SvarSlett