fredag 25. desember 2009

Juletur til Buddamagen





Første juledag var vi oppe kl.10 00 for å gå på fjelltur. Trond, Gudmund, Marius og eg skulle til eit fjell som heiter Buddamagen. Vi kjøyrte scooter i ca. 40 minutter og så tok vi beina fatt. Det var nokså bratt første timen, etterkvart vart det litt flatere, men det var drygt opp til toppen. Vi fekk ein uforgløymelig tur, med eit ver som sikkert er skjelden her på disse breddegrader, sol frå skyfri himmel med nokre minusgrader og omtrent vindstille. På tilbaketuren tok vi turen innom ein fjelltopp som stikk ut av isen og som heiter Stabeisen. Den ligg for seg sjølv ute på isen, så det er vel derfor den heiter Stabeisen.Vi kom heim att ca. kl. 1800, så det vart ein lang tur, men veldig fin.

3 kommentarer:

  1. Det var sprekt å legge ut på ein slik stortur allereide 1ste juledag; kanskje med vombafyll etter god julemiddag mm.
    Reknar med at det eine biletet viser Stabeisen. I alle fall ein fin og spesiell natur der sør. Det vart vel kanskje ein omgang i stampen etter turen, kan eg tenkje meg.

    Karl Gudmund

    SvarSlett
  2. Hei på deg, det ser ut som om det er ingen fare med at du ikkje held ved like kondisjonen. Her har vi no kosa oss med ein god ribbemiddag, - det ser ut til å bli ein flott nyttårskveld. Det har kome litt snø, - så stemning er det. i morgon må vi vel prøve skia tenkljer eg. Godt nyttår til deg. Skal helse frå oss alle. Grete

    SvarSlett
  3. Godt Nyttår til deg broder på Sydpolen.
    Her hos oss er alt bra så langt i det nye året.Mykje snø er kome ca. 70 cm så snøfreser KG har gått jamt. Ellers har vi hatt julebesøk både fra Lierskogen og Volda.
    Håper alt er bra med deg og vi ønsker deg et flott år med spennende oppgaver.Helsing fra Else Marie.

    SvarSlett