lørdag 6. november 2010

Første fly og folk




I dag ettermiddag fekk vi dei første besøkende på over åtte månader. Det var flymannskap som skal flyge her i Antarktis no i sommer. Dei måtte lande på Troll fordi veret på Novo var for dårlig. Dei kjem heilt ifrå Canada, så dei har hatt ein lang tur. Einar, Ivar og eg tok imot dei på flyplassen og køyrde dei inn til stasjonen der dei fekk ein plass å bu for natta og etterpå vart det middag og kaffi med tilbehør. Vi hadde ein svært trivelig kveld i lag med dei.

1 kommentar:

  1. DET VAR NOK KJEKT Å SJÅ ANDRE FJES NO, ENN DEI DOKKE HAR SETT I MÅNADSVIS. NÅR ER DET DU KJEM HEIM ?

    SvarSlett